top of page
SRB_8308.jpg

Klones Venelag

Saman for
framtida til Klones 

Vi samlar gode krefter om bevaring og vidare utvikling av Klones som møteplass, læringsarena og ressurs for lokalsamfunnet.

Om venelaget

Klones Venelag

Klones Venelag er eit lokalt initiativ som arbeider for å ta vare på og vidareutvikle Klones. Målet er å sikre staden for framtida og leggje til rette for aktivitet, læring, fellesskap og ny bruk med lokal forankring.

Venelaget ønskjer å samle folk, engasjement og ressursar rundt Klones som ein viktig møteplass og læringsarena. Gjennom medlemskap, informasjon og opne møte vil vi bidra til god forankring i lokalsamfunnet på vegen vidare. 

Lokal forankring

Eit initiativ for og med lokalsamfunnet.

Bevaring og utvikling

Vi ønskjer å ta vare på Klones og samtidig sjå framover.

Engasjement og deltaking

Alle interesserte kan

vera med og bidra.

SRB_8287_edited_edited.jpg
Aksjeteikning

Vil du vere med som medeigar i Klones?

  • Éi aksje er sett til kr 5 000

  • Du betaler ingenting no

  • Bindande aksjeteikning skjer på eit seinare tidspunkt

Klones Venelag samlar inn førehandsinteresse frå personar, selskap og organisasjonar som kan vere interesserte i å teikne aksjar i det planlagde ideelle aksjeselskapet Klones Lærestad AS.

Bli medlem i Klones Venelag

Klones Venelag arbeider for å skape nytt liv på Klones gard i Vågå. Målet er å bidra til at staden igjen kan bli ein arena for aktivitet, læring, drift og kurs – og på sikt kanskje òg ein del av eit framtidig skuletilbod i regionen.

  • Ordinært medlemskap

  • Redusert medlemskap

2 000 kr

1 000 kr

Bli medlem

Ved å bli medlem støttar du arbeidet med å løfte fram moglegheitene på Klones og skape engasjement rundt staden. Medlemskapet blir betalt som eit eingongsbeløp og varer så lenge Klones Venelag eksisterer – utan årleg eller månadleg fornying.

Du kan velje mellom ordinært medlemskap og redusert medlemskap. Kvar støtte har noko å seie, og kvart medlem er med på å vise at det finst eit ekte engasjement for framtida til Klones.

SRB_9556-kopi.jpg

Formål

Å leggje grunnlaget for etablering av eit ideelt selskap som kan kjøpe Klones gard.


Å vera ein medspelar for Klones Lærestad AS i utviklinga av Klones som kurs- og kompetansesenter for fjellandbruk, matfag og grønt reiseliv 

Sjå vedtekter

Styret

Bjørg Eldri Fritsvold

Styrets leder

Ola Aukrust

Styremedlem

Rolv Vaagaasar

Styremedlem

Jo Kåre Bakke

Styremedlem

Matthias Hauge

Styremedlem

Kai Valbjør

Varamedlem

Ingrid Elisabeth Horntvedt Blessum

Varamedlem

Dokument

Vedtekter for Klones Venelag

Last ned

Stiftingsdokument

Last ned

Om Klones 

Ein stad med historie og moglegheiter

Klones er ein historisk eigedom i Vågå med djupe røter og stor verdi for bygda og regionen. Gjennom mange år har staden vore knytt til læring, landbruk, fellesskap og praktisk kunnskap.

For mange er Klones langt meir enn bygningar og tun. Staden ber med seg minne, identitet og tilhøyrsle – og representerer verdiar som framleis betyr mykje for folk. Samstundes har Klones også eit stort potensial som møteplass og læringsarena i framtida.

Gjennom Klones Venelag ønskjer vi å bidra til å ta vare på denne verdien og utvikle han vidare til det beste for lokalsamfunnet.

"Klones er ein stad mange bryr seg om

- no handlar det om kva vi gjer vidare"

Gammelt vernet tømmerbygning på Klones Gard

Har du spørsmål eller noko på hjartet?
 
Ta kontakt med oss, så svarer vi deg innan kort tid.

Kontakt oss

bottom of page